Siste håp!
Silje har plateepitellkreft med spredning. Norge kan ikkje hjelpe, og hu treng ei kreftbehandling som hu må betale for sjølv.
Prislapp: ca. 2, 5 millioner kroner.
Silje er 30år og mamma til Max (7) & Mille (4) og samboer med Espen og holder til på Stord.
Silje har alltid vert ein person med eit stort hjerta og med veldig mykje omsorg for andre. Sjølv no når hu står midt i sin livs viktigaste kamp så tenker hu først på alle rundt seg. Men no treng Silje omsorg og hjelp fra oss og deg til å vinna kampen mot kreft.
Ho er ei fantastisk mamma for sine to små, og tanken på at hu kanskje ikkje skal få sjå dei voksa opp er heilt ubeskrivelg vond. Me kan ikkje sitta stille og venta på at det skal ordne seg sjølv. Livet til Silje er her og no, og me har ingen tid å mista!
Hu har gjennomgått tre cellegiftkurer på Haukeland. Siste CT viste desverrre at kurane så langt ikkje har virka, og no har dei lite å tilby her i Norge. Kreften er aggressiv og sprer seg fort.
Håpet no er og få Silje til utlandet innen et par veker då det hastar med og komme i gang med behandling.
Det blei oppretta ein spleis forrige måned og det kom inn over 200.000. Me er evig takknemlig for alle som har støtta til no og pengane vil bli brukt for oppstart til behandlingen. Men me treng desverre meir...
Hjelp oss å få Silje kreftfri så hu kan få ei framtid ilag med familien sin.
Du kan følge kampen til Silje på instagram : Kampenmotkreft
- Trine, Renate og Helene (Silje sine søstre)