NYTT KJØKEN I IKORNNES KYRKJE!
(Foto: Hallvard Sandvik)
Vi ynskjer med dette å invitere bygdefolket, ulike organisasjonar og bedrifter til eit spleiselag for nytt kjøken i kyrkja. Forsamlingslokalet i kjellaren er nyleg oppgradert og no står kjøkenet for tur. Dette er særs kostbart og vi ynskjer å gjere ei oppgradering som kan halde i mange år. Det vert topp storkjøken-standard til glede for alle som ynskjer å nytte lokalet. Faste brukarar er kyrkjekaffien, kyrkjedagane, jippikoret, tweensklubben, konfirmantarbeidet, tempelriddarane, tysdagstreffet, Hundeidvik blandakor og Vår frue menighet. Forutan desse brukarane er lokalet ope for leige til private selskap som åremål og konfirmasjon for å nemne noko.
Prosjektet er kostnadsberekna til omlag 600.000,-. Kr.200.000,- til det byggtekniske og kr.400.000,- til kjøkkenmaskiner og innreiing.