Ravnhuset
IL Ravn ønsker å vere ein sentral samfunnsbyggar, og har i det siste utvida aktivitetstilbodet i Vatne- Tennfjordområdet. IL Ravn sitt klubbhus er utdatert, folketalet er i sterk vekst og Ravnhuset er avgjerande for å kunne gi gode tilbod til våre born og unge framover.

Arbeidet med finansieringa er godt i gang og vi er glade for at vi har med kommunen på laget, og vi ventar positivt svar på søknaden om tippemiddlar. Då gjenstår om lag 2 millionar som idrettslaget må skaffe til veie på andre måtar. Derfor går vi no ut med denne spleisaksjonen med mål om å samle inn ein halv million på 30 dagar. Når vi målet er økonomien såpass at vi kan gå igang med bygginga.

Verdigrunnlaget i IL Ravn:
- Eit tilbod til alle uavhengig av ferdigheitsnivå, alder, treningsiver, kjønn og kulturell bakgrunn.
- Vere ein leiande klubb innan Fair Play.
- Arbeide for, trivsel, glede og fellesskap.
- Bidra til å skape gode haldningar hjå våre barn og unge. Får å få til dette har vi ein strategi som seier at: "Ravn skal profilere seg godt og engasjere meir slik at fleire kjennar eigarskap og ynskjer å være med på å utvikle klubben. Vi skal utøve gode haldningar og god etikk i alle organisasjonsledd."
"Ein klubb- alle med!"
