Ny sand til lengdehoppgropene
Alle pengane som vert samla inn går til å kjøpe inn ny sand til lengdehoppgropene på Ørsta stadion.
Sanden i dei to lengdehoppgropene på Ørsta stadion må skiftast ut. Sanden som er der no vert fort hard og tettpakka. I verste fall kan utøvarane skade seg i sanden no. Friidrettsgruppa skal no kjøpe inn vaska elvesand til lengdehoppgropene. Dette er sand som er eigna til lengdehopp, og vert mykje brukt på friidrettsanlegg. Inne i Ørstahallen er det vaska elvesand i lengdehoppgropa.