LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for "Maskedronninga" - verdas første, reinspikka strikkekrim!

"Maskedronninga" - verdas første, reinspikka strikkekrim!

Utgjeving av Noregs - og kanskje verdas første reinspikka krimbok i den nye og sofistikerte krimsjangeren "strikkekrim". Utgjevinga fordrar at minimum 550 bøker vert førehandsbestilt. Dersom målet ikkje vert oppnådd får du pengane dine tilbake.

Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj:

SKRIV PÅ VERDAS FØRSTE STRIKKEKRIM!

Eg har sett meg grundig lei på at det ikkje fins ein einaste krimroman frå det norske strikkemiljøet! Greitt, så får eg gjere jobben sjølv, då! Men eg treng di hjelp!

Hadde krimforfattarane berre visst kor mykje baksnakking, bakvasking, triksing, miksing og dirty games som pågår i kulissene i norske strikkesirklar - ja, så hadde dei kunne forsynt seg av ei gullgruve. Men sidan ingen andre gidd, tek eg tastaturet i eiga hand! Med di hjelp blir eg krimforfattar i den nye banebrytande krimsjangeren; strikkekrim! 

FØREHANDSBESTILL GJENNOM SPLEIS NO!

"Maskedronninga" blir ein realitet dersom eg får minst 700 førehandsbestillingar innan 1. april 2020. I så fall får du boka i posten innan 1. desember, slik at du kan kose deg i godstolen før jul, eller gje bort boka i julegåve.  

Velg mellom 1 eller 3 bøker, spar pengar ved å bestille fleire! :)

OM KRIMBOKA

"Maskedronninga" er ei svært underhaldande og spanande bok som tek utgangspunkt i den eksklusive strikkeklubben "Rundpinnebrennarane" - ein stad på Nordvestlandet. Tove-Gunn har vore nestoren i klubben i årevis, og ho er i bygda kjend som "Strikkemaskina" - ho kan nemleg strikke ei setedalskofte i halvblinde på under ei veke. 

Men ein dag får strikkeklubben aller nådigst eit nytt medlem. Tilflyttaren Michelle Kvitblikk frå Hardanger vil absolutt bli medlem, og då begynner ting å skje. Strikketøyet til medlemmane forsvinn på mystisk vis, og bilane deira vert punkterte med strikkepinnar. Tove-Gunn bestemmer seg for å etterforske saka sjølv, men ein dag finn ho ein undulat i postkassa si - kvelt med ein rundpinne...

Boka skal etter planen gjevast ut på eit sjølvpubliseringsforlag. Dersom målet på 700 førehandsbestillingar vert nådd er alle med i trekninga på eit besøk/foredrag med Strikkebitsj til din strikkeklubb! 

Her kan du følge utviklinga av produksjonen og få generell informasjon om Hildegunn - aka "Strikkebitsj"

https://www.facebook.com/strikkebitsj/

http://www.strikkebitsj.no

"Maskedronninga" - verdas første, reinspikka strikkekrim!

21 221 kroner innsamlet

Refundert
10% av 199 000 kr
ZENARIO AS mottar pengene
Hildegunn Moltubakk
Verifisert
Fredrik Steen står bak spleisen
Refundert
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Fredrik Steen er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×