Støtt Tunet kyrkje- og kultursenter sin dugnadsspleis
Tunet er vanlegvis vår samlingsstad, både for Os kyrkjelyd og for bygda vår, her møtast små og store til godt fellesskap veka gjennom.
Men, i desse korona-tidene er Tunet stengt, og vi må vente med kor-øving, konsert, inspirerande undervisning, hyggeleg kyrkjekaffi, ungdomssamlingar, strikking, trim - og ikkje minst; det viktige kyrkjelydsarbeidet blant barn og unge!
Utleige til kurs og møter i næringslivet, og til feiring av merkedagar og minnesamvær har hittil gjeve stabile inntekter til drift av Tunet. I korona-tida har desse inntektene falle bort, og har på sikt blitt ein usikker faktor.
Derfor spør vi deg som set pris på Tunet om å bli med denne duganden. Lite eller stort - alt hjelper!