Ny butikk i Herand
Vi treng ny butikk i Herand! I sommar miste vi den vi hadde, og folk som bur i bygda og andre som besøker oss saknar den sårt. Herand Bygdelag har engasjert seg for å få ny butikk, og har gått inn i eit samarbeid med ein erfaren drivar og eigar av fleire småbutikkar i Hordaland, Ove Henning Bjørsvik. Han vil ha 51% av aksjene, men treng også bidrag frå lokale investorar. Bygdelaget vil sjølv investere 50.000. For dei som vil yte mindre beløp, har bygdelaget laga denne spleisen. Vi vil så auke vår investering tilsvarande.
Dei som vil kjøpe aksjer og støtte med større beløp, sjekk herand.no eller Herand si facebook-side.