LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Jul i Nord «Jultråddokka» - kjøp plate og støtt utgjevinga :-)

Jul i Nord «Jultråddokka» - kjøp plate og støtt utgjevinga :-)

Pengane går til å dekke innspeling, miksing og trykking av plata

Jul i Nord har spela inn juleplate! "Jultråddokka" kjem ut 20. november. Her kan du forhåndskjøpe plata, både med og utan innpakning. Me kan også sende direkte til den du vil skal få den. 


Om korleis Jul i Nord vart til: 

Jul i Nord er eit joleband med songar og slåttar knytt til jola, henta frå folkemusikken.  Prosjektet starta i 2015, då Hilde Fjerdingøy (torader) og Ingebjørg Lognvik Reinholdt (kveding) reiste på arkivet og fann songar frå Nordland knytt til jola. Dei fekk med seg felespelar Hanna Andersson, og sette seg som mål å lage ein litt annleis jolekonsert. I 2017 blei bassist Morten Kvam med. Saman spelar dei sakralt og svingande, og fortel om tru og tradisjonar som har høyrd som jola til. Som jultråddokka, friargåva du fekk i jola av ho du endeleg fann tid til å flørte med. 


Kva er Jul i Nord? 

Jul i Nord er glorete, glitrende jolepynta nordlandshus i vintermørket. Jul i Nord er sakral fred under tente adventsstaker til messe i den vesle trekyrkja for lenge sida. Jul i Nord er fest og frieri i romjula, då alle endeleg hadde tid til slikt. Og Jul i Nord er dei skumle, underjordiske vesena som luskar seg fram og har triks og lureri klart for alle som ikkje har vaska godt nok, brygga godt nok eller vore snille nok.

Jul i Nord er litt av alt det jola er. Tradisjonsmusikk henta frå Nordland, men også litt her og der. Slik som jola er. Med lukt av kongerøkelse, snus og furunål. Og dansefot så golvet gyngar. Så det nesten er litt skummelt.

Litt søstrene Bjørklund, litt dans på lokalet, litt røyklukt frå Telemark, eit gufs av vintervind fra de Syv Søstre, og ein god dose uhøgtideleg heimelima hallelujastemning.

Rattitatiteia, hei og hå, nå er det jul igjen altså!



Jul i Nord «Jultråddokka» - kjøp plate og støtt utgjevinga :-)

23 690 kroner innsamlet

46 givere
Avsluttet 22.12.2020
94% av 25 000 kr
Ingebjørg Lognvik Reinholdt sitt profilbilde
Verifisert
Ingebjørg Lognvik Reinholdt mottar pengene
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×