Sula sokn sin innsamling til misjonsarbeidet i Estland
Aksjonen Saman som kyrkje i heile verda er for kyrkjelydar som ynskjer å kjempe mot fattigdom og urett. Veldig mange menneske fekk det verre i 2020, og om kampen mot fattigdom skal vinnast hastar det å gjere noko. Håpa du vil vere med å gi livsmot og nytt håp til menneske i Estland.
Kyrkja låg i grus
Femti år med kommunistisk styre satte sterke spor i Estland. Den lutherske kyrkja, som hadde vore ei folkekyrkje med stor tilsluttnad, døyde nestan ut. Men no spirar det fram nye og spanande moglegheter. Dei siste åra har det blant anna blitt bygd to flotte nye kyrkjer. Kyrkjelydsarbeidet inkluderar unge familiar og søndagsskulane blomstrar, men dei treng støtte for å kunne drive det viktige arbeidet viare og nå ut til fleire med den viktige bodskapen.
Foto: Endel Absalon
Satsar på ungdomane
Det er ikkje mange kristne ungdommar i Estland. Men dei som fins er svært aktive. Blant anna er det ei gruppe ungdommar som gir ut eit kristent magasin av svært høg kvalitet. Vi ynskjer at desse ungdommane skal bli styrka i trua og få anleiing til å bruke talenta sine. Nedstengninga i høve korona-pandemien rammar ungdommane i Estland litt på same måte som den rammar ungdom i Noreg. Dei treng ekstra omsorg og forbønn i denne tida, slik at dei kan bevare både trua og fellesskapet.
Vi heiar på ungdommane i Estland! Takk for di gåve til innsamlinga vår!