30. September – historia om menneska som rodde ut
Ei historie eg har bore med meg sidan eg var barn
Eg hugsar historiene. Eg hugsar korleis eg sat og lytta når dei vaksne fortalde om det som skjedde utanfor Ervik den 30. september 1943.
Om hurtigruteskipet Sanct Svithun. Om menneska som kjempa for livet. Og om folk frå den vesle bygda Ervik som sette ut i små opne båtar for å hjelpe.
For meg var dei heltar.
Eg vaks opp i nabobygda Honningsvåg, men store delar av familien min kjem frå Ervik, og eg tilbrakte mykje tid der gjennom oppveksten. Historia har derfor alltid vore nær. Historia er også ein del av mi eiga familiehistorie. Oldeforeldra mine budde i Ervik, og mormor mi var berre ni år gammal då Sanct Svithun kom inn mot bygda denne dagen.
No ønskjer eg å gjere noko eg har tenkt på i mange år:
Eg vil arbeide for at historia om menneska i Ervik skal nå det store lerretet.
Arbeidstittelen på filmprosjektet er «30. September».
Dette skal ikkje først og fremst vere historia om eit skip som vart bomba.
Det skal vere historia om menneska som rodde ut.
Eg har allereie samla mykje historisk kjeldemateriale og fått med meg fleire personar som kjenner historia godt og ønskjer å bidra.. No skal materialet utviklast vidare til eit profesjonelt filmprosjekt.
Pengane frå Spleisen skal brukast til research, intervju, reiser, kjeldearbeid og utvikling av historia, pitch og manusgrunnlag. Målet er å utvikle prosjektet langt nok til at det kan presenterast profesjonelt for produksjonsselskap og andre aktørar i filmbransjen.
Du er altså ikkje med på å finansiere ein ferdig film enno.
Du er med på å gi denne historia sjansen til å bli ein film.
Kanskje kan vi saman sørgje for at historia om menneska som rodde ut frå Ervik den 30. september 1943, blir fortald til langt fleire.





