Støtt anke saka🙏🏽 Hjelp meg å gjere det lettare å varsle om kritikkverdige tilhøve i eldreomsorga.
Eg, Lene Helle, Leanne Louise Parker-våge, Gunnlaug Silden & Therese Storhaug, venner og kollegaer har laga ein Spleis!
No har eg fått massiv støtte - mellom anna frå landets fremste juristekspert på varsling, Birthe Eriksen. No treng eg hjelp frå alle andre gode krefter.
Håpet er at vi kan bidra til det som kan bli ei forsvarleg eldreomsorg i heile landet og at ein djupt urettferdig dom frå Sogn og Fjordane tingrett ikkje skal få bli ståande!
I så fall - om dommen frå Sogn og Fjordane tingrett blir ståande, vil den bidra til å kneble andre tilsette som forsøker å varsle om kritikkverdige tilhøve i eldreomsorga!
Eg har kjempa hardt og lenge og har ikkje lyst til å gi meg på grunn av nederlaget i tingretten.
Er det nokon der ute som har lyst til å bidra?
Denne saka må vi rett og slett få behandla i lagmansretten, folkens!
Men dette kostar pengar. Mykje pengar. Om ei god veke må eg betale 566.000 kroner til Sunnfjord kommune fordi eg tapte saka i tingretten. Dette er svært krevande for meg.
Men midt i det heile er det likevel lyspunkt og folk som vil hjelpe. Advokaten min, Ingeborg Sunde har gjort det klart no at ho avstår frå honorar for arbeidet så langt - viss vi ikkje vinn i lagmannsretten.
Tusen takk Ingeborg!
Og tusen takk til alle dei som har sendt meg støttemeldingar dei siste dagane. Det varmar!
For alle som ikkje har lese om meg i Firda så heiter eg altså Torunn Rivedal, er gift og har tre barn. Eg har jobba som sjukepleiar ved Førde omsorgssenter i Sunnfjord, fram til november 2024 då eg sa opp stillinga mi. Det var umogleg for meg å jobbe under slik forhold.
Fram til då hadde eg tatt opp ei rekke kritikkverdige tilhøve som ikkje vart tatt på alvor av dei som har ansvar. Totalt skreiv eg 155 avvik om alt frå feilmedisinering, pasientfall/fallproblematikk, mangelfull dokumentering i pasientjournalane med meir.
Trass i dette: Null læring av feila og heller ikkje noko form for endring eller forbetring av forholda for pasientane.
Seinare varsla eg Arbeidstilsynet og Statsforvaltaren om forholda. Begge dei to instansane tok varsla på alvor.
I kommunen derimot opplevde eg at fokuset vart retta mot meg. Eg fekk m.a urettmessige avvik mot meg.
Lang historie kort: I samråd med advokat tok eg ut søksmål mot kommunen og i januar gjekk den mykje mediemomtalte saka for retten. Til mange si overrasking vart kommunen frikjent, og det betyr i praksis at eg etter tingrettsdommen å rekne, aldri skal ha varsla om kritikkverdige tilhøve ved Førde omsorgssenter! Dette trass i massiv dokumentasjon og truverdige vitnemål frå kollegaer under rettssaka.
Og så kjem altså det store dilemmaet: Skal eg anke og risikere ytterlegare kostnadar på toppen av det eg må betale for å gjere eldreomsorga betre?
Eg har fått god moralsk støtte i dette arbeidet frå svært mange. Spesielt sterkt var det å lese avisa Firda 5. februar at jurist Birthe Eriksen, rekna som landets fremste ekspert på varsling, er klokkeklar på at dommen frå tingretten er feil og at denne må ankast!
Eriksen er tydeleg på at dommen er ei viktig prinsipiell sak sidan den er i strid med lovforarbeidet, varslingsutvalet sitt arbeid, nyare forsking og rettspraksis. Ho seier vidare at om dommen blir ståande så vil den sende farlege signal til tilsette om at det ikkje nyttar å varsle:
“...Om eg var pårørande til nokon på sjukeheimen, så hadde eg vore djupt fortvila etter dommen…”
Birthe Eriksen til avisa Firda den 5.februar 2025.
Håpet er at det er gode folk der ute som meiner dette er ei viktig sak som må få prøvast for lagmannsretten. Eg treng økonomisk hjelp for å kunne ta saka vidare til lagmannsretten. Eg treng rett og slett støtte og hjelp for å føre denne kampen vidare. Kvar einaste lille krone frå kvar og ein som brenn for eldreomsorg vil bli sett pris på.
Bidra til rettferd, betre kår for andre varslarar, og ei betre eldreomsorg for alle!
Vinn vi saka i lagmannsretten, med god hjelp frå landets beste ekspertise på feltet og støtte frå folket,- så vil eikvar krone som ikkje går til saksomkostnadar (etter at prisen for å bruke Spleis er betalt) bli tilbakebetalt til alle dykk som bidreg.
I dag jobbar eg i full stilling som sjukepleiar hjå ein profesjonell arbeidsgjevar der eg kjenner meg svært verdsatt.
På førehand tusen takk frå meg Torunn og støttespelarane mine!
Lørdag 8. februar 2025.