Bil til Ukraina
Verda er tilbake til 1930-talet. Ein ekspansjonistisk diktator med total mangel på respekt for menneskeliv har i fleire år fått utvida imperiet sitt litt etter litt. Verda sin respons har vore lunken.
I februar 2022 kom den foreløpig største konsekvensen av vår manglande reaksjonsevne då Russland eskalerte sin allereie pågåande invasjonskrig mot Ukraina og gjekk inn med det meste dei hadde tilgjengeleg av militære ressursar.
I snart fire år har Ukrainarane kjempa ein heltemodig motstandskamp mot det mange av oss trudde var ei uovervinneleg overmakt. Frå vestlege leiarar har det ikkje mangla på støttande ord og erklæringar. Likevel har responsen vore prega av nøling og ei eskaleringsfrykt som historien neppe vil dømma særleg positivt. I Noreg har me sågar hatt meirinntekter på petroleumseksporten som følgje av krigen truleg på godt over 2000 milliardar kroner. Kun ein liten brøkdel av dette har me delt med dei som faktisk fortener og treng desse pengane mest.
Krig handlar om mykje. For at ei militær avdeling skal kunne overleva og utøva kampkraft, må den mellom anna vera mobil. For å sikra at soldatar til ei kvar tid er der dei trengs mest, at forsyningar når fram, at skadde kan evakuerast trengs bilar. Mange bilar. Fronten er ikkje som vegnettet elles. Der trengs firehjulsdrift og robuste dieselmotorar.0


