Toppkirurgi for Kai
Bryst.
Elsk dei eller hat dei.
Men mine må av.
Eg er ikkje-binær. Agender. På norsk kanskje kjønnslaus. Eller kjønnsfri, men kroppen min er ganske kjønna - spesielt i brystkasseregionen. Eg klarer ikkje å sjå meg sjølv i spegelen, må bruke spesialundertøy som flatar meg ut under kleda. Det er smertefullt, og nokre dagar ikkje nok.
Så difor skal eg operere dei vekk. Det kostar pengar. Ganske mange pengar - over 60 000 kr. Eg må gå privat, for det offentlege transhelsevesenet tar ikkje imot ikkje-binære. Vi blir blankt avvist. Og på uføretrygd, sjølv med livreima stramma inn til inste holet, får eg ikkje spart opp sjølv utan hjelp.
Det er her du kjem inn. Ved å gi eit lite eller stort (helst stort, om du uansett betaler formuesskatt) bidrag til denne spleisen (eller berre dele den vidare til andre som kan gi eller dele vidare) hjelper du meg til å få ein kropp eg kan føle meg heime i. Ein kropp eg ikkje må skjule og dytte inn i tronge plagg som gjer vondt. Ein kropp som er meg.