Folkefinansiering av Nabolagsverkstaden
Alle fortener hjelpa, kompetansen, verktøya og plassen dei treng for å ta vare på tinga sine og heimen sin, til det beste for beredskapen, klimaet og lokalmiljøa. Difor finst Nabolagsverkstaden.
Med dykkar hjelp kjem Nabolagsverkstaden snart til å vere ei ikkje-kommersiell stifting som har verkstadareal, verktøy og kompetanse på reparasjonar, redesign og trearbeid som me lånar ut gratis til alle som treng det.
Slagordet vårt er “bygg fellesskap”. Me ynskjer å vere eit tilbod som samlar folk om konkrete og handfaste utfordringar, og der me gjev kvarandre både metaforiske og konkrete verktøy for å rette opp dei problema me er der for å fikse. Verkstaden skal verte eit kulturhus for dei gruppene som elles ikkje oppsøkjer kulturhus.
Den fyrste verkstaden kjem til å starte opp i Groruddalen, truleg allereie i fyrste halvdel av 2026. Her bur mange tett, er lågtløna, jobbar ufriviljug deltid, er i utfordrande sosiale miljø eller er utanfor arbeidslivet. Nabolagsverkstaden kjem til å gje desse personane eit kraftig levekårsløft.
Intensjonen med Nabolagsverkstaden er på sikt å utvide, slik at det me tilbyr kan verte tilgjengeleg for endå fleire. Nabolagsverkstaden kjem alltid til å prioritere låginntektsområde med trangbuddheit og levekårsutfordringar.
Nabolagsverkstaden søkjer sosialt, ikkje økonomisk, overskot. Me skal vere eit sosialt tilbod som gjer kvardagen litt enklare, både for dei som nyttar verkstaden og for naboar og samarbeidsorganisasjonar.
Dette er ikkje eit prosjekt laga for å generere profitt. Alt økonomisk overskot skal gå til å betre tilbodet for dei som brukar oss, anten gjennom betre utstyr, lengre opningstidar, fleire tilsette eller å opne nye verkstadar.
No treng me hjelp for å få organisasjonsnummer! Krava for å verte registrert som ei ikkje-kommersiell stifting er ganske strenge. Me må ha minst 100.000 i dokumentert grunnkapital før verkstaden får lov til å søkje om status som stifting.
Utan organisasjonsnummer er me diskvalifiserte frå mange store søknadsordningar som kan sikre stabil drift i framtida. Me får heller ikkje lov til å opne eigen bankkonto.
Pengane som vert samla inn skal sikre grunnkapitalen som trengst for å kunne registrere Nabolagsverkstaden som ei ikkje-kommersiell stifting, og dekkje kostnadane ved å registrere stiftinga.
I det tilfellet der spleisen sikrar meir enn den naudsynte grunnkapitalen og dokumentasjons- og registreringskostnadane, vil øvrig beløp verte nytta til å sikre gode driftsvilkår for den fyrste verkstaden. Dette kan vere investeringar i verktøy og utstyr, utvikling av nettside, leigekostnadar eller liknande.
Donasjonane til denne spleisen skal ikkje gå til honorar, lønnskostnadar eller andre vederlag til einskildpersonar.
Denne spleisen vert administrert av Nabolagsverkstaden sin grunnleggjar.


