Sett i gang din egen spleis for en sak du bryr deg om, og engasjer familie, venner og kjente til å bidra sammen med deg.
ME-konferanse Stryn ønskjer å bidra til at dei offentlege instansar her i Noreg får auka kunnskap og meir søkelys på ME-saka. Det er på høg tid å gje ME-pasientane og deira pårørande den hjelpa dei treng. For å kunne gjere dette, må ein ha kunnskap og forståing for korleis sjukdomen utartar seg.
Der ligg mykje informasjon på heimesida: https://www.mekonferansestryn.no Tips gjerne andre om dette, så helsepersonell, politikarar, tilsette i kommunar og NAV, samt samfunnet generelt for å auke kunnskap og forståelse rundt alvoret i sjukdomen ME - Myalgisk Encefalopati.
Faktaark om ME (pdf-fil kan lastast ned): https://www.mekonferansestryn.no/kopi-av-symptom-p%C3%A5-me
ME-konferanse Stryn sin Youtube-kanal: https://www.mekonferansestryn.no/youtube-kanal
Vi har lagt ned mykje krefter over mange år med kjempe for auka økonomiske midlar til biomedisinsk forsking og formidling av medisinsk kunnskap om sjukdomen.
Der er veldig mykje arbeid bak ein slik konferanse, og der kostnadar i
samband med ME-konferansen. Dette har tidlegare vore finanisert gjennom omfattande dugnadsarbeid. Vi har dugnadssal av kaffi og sjokolade, i tillegg kronerulling og vi er avhengig av inntekt av deltakaravgifta. Vi håpar folk støttar dette arbeidet.
Vippsnummer: 608998
Organisasjonsnummer: 924 966 122
Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;