Vonheim - Renovering/ombygging
Tysnes Ungdomslag planlegg å gjennomføre ein større ombyggings- og renoveringsjobb av Ungdomshuset Vonheim.
Huset er 100 år no i 2023, og prosjektet representerar ein moderniseringsjobb som laget meiner no er heilt naudsynt for husets framtidige posisjon som storstova sentralt i bygda, og for heile kommunen. Dette er i fyrste rekke planlagt finansiert med tilskotsmidlar bl.a. frå Tysnes Kraftlag, samt ei rekke andre offentlege og private ordningar. Men me er også avhengig av at engasjerte privatpersonar ønskjer å bidra - enten med pengegåve - og/eller som gode ambasdørar for prosjektet!
Veldig enkelt oppsummert ynskjer laget med dette prosjektet å:
- Utvikle lokaler i 1. etg til å bli "Ungdomens lokaler" adskilt frå resten av huset, med eigen inngang, og eigne kjøkken- og garderobe-/toalettfasilitetar.
- Sikre betre brukarvennlighet og arealutnytting av hovudlokala for både besøkjande og artistar.
- Gjere nødvendige moderniseringstiltak som sikrar at huset er attraktivt, enkelt å bruke og driftssikkert.
Me trur og håpar at det er mange som ønskjer at Vonheim skal fortsetje å skape opplevingar for små og store langt inn i framtida!