Arken Care
Miriam har hjelpt dyr så lenge ho kan hugse. No kan ein krangel med ein annan dyrehjelpar koste henne dyrt.
Miriam Mæland og resten av Arken Care Dyrevern blir saksøkt av Pinnsvinhjelpen, som krev 400.000 kroner for ærekrenking.
Miriam er leiar i den ideelle dyrevernorganisasjonen Arken Care. Organisasjonen hjelper alle slags dyr. Frå kattar og sauer som er vande med å bu nær menneske, til ville dyr som oter, kråker og piggsvin.
– Eg har hjelpt dyr sidan eg lærte meg å gå. Det første dyret eg redda var ein fugl. Då var eg bitte lita, fortel Mæland.
Sidan har ho hjelpt tallause dyr, og dei siste åra med base i Alver. Mæland fortel at Arken Care i 2022 hjelpte over 200 piggsvin.
– Vi får inn piggsvin, hjelper dei og slepp dei ut att når dei er klare til det. I fjor fekk vi inn 207. Seks av dei døde, men resten gjekk det bra med, fortel Mæland.
Miriam er en tydelig ildsjel som brenner for våre sårbare dyr. Nå trenger hun en ekstra skjerv for å få det til å gå rundt. Hun er bosatt i Alver kommune og hver en krone kan hjelpe.