Prosjektbilde for Julegåver til barn i Sogn og Fjordane
SpareBank 1 Sogn og Fjordane har støttet innsamlingen med 15 000 kr

Oppdateringer

  1. Tusen takk!

    24. desember 2024 14:54

    Tusen takk for julegleda de har gjeve! Vi avsluttar vår «Julegleder til barn»-innsamling gjennom Spleis i dag, og vi er utruleg takksame for alle som har bidrege! I Sogn og Fjordane lever 2229 barn i familiar som har det vanskeleg økonomisk. For mange av desse familiane er jula ei ekstra vanskeleg tid, prega av bekymringar og lite rom for å gje dei minste dei magiske augneblinka som mange av oss kanskje tek for gitt. «Skal vi prioritere julemat eller julegåver» kan for mange vere ein realitet. Det er desse familiane vi hjelper gjennom juleaksjonen vår.

    Julegleder til barn handlar ikkje berre om ei julegåve. Vi ønsker å gje barna ei kjensle av å bli sett og verdsett, og samstundes gje foreldra eit lite avbrekk frå bekymringane. Ei lita julegåve kan bety mykje når kvardagen er krevjande. Då er det godt å kjenne på støtte og fellesskap.

    Vi vil takke alle som har bidrege ved å donere til innsamlinga vår. Saman har de gjeve glede og lys i ei tid som for mange er tung. Vi vil også takke bedriftene og stiftingane som har bidrege med donasjonar: Gjensidigestiftinga, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Sparebank 1 SMN, Sparebanken Vest, NOR Logistikk, SFE, og Enivest – som har vist stort samfunnsansvar og omsorg gjennom sine bidrag!

    Takk for at de deler av det som de har, og gjer jula litt betre for dei som treng det mest.

    Det er framleis mogeleg å donere ut dagen dersom du har lyst å gje ei ekstra julegåve!

    Vi ynskjer dykk ei god og fredfull jul! 

    Bilete er frå då Førde Røde Kors pakka og delte ut matkasser og julegåver til barn. ❤️

  2. Di støtte gjer ein skilnad. Tusen takk! ❤️

    12. desember 2024 12:02

    Takka vere dykkar bidrag pakkast det i desse dagar over 2200 gåver til barn i vårt distrikt. Dette er barn som lever i familiar med utfordrande økonomi, der foreldra må gjere harde prioriteringar, spesielt i jula. 

    Ei gåve under treet, kan det gjere ein skilnad? Kanskje kan denne gåva gjere at foreldra senkar skuldrane litt, då dei veit at barnet vil få noko å glede seg over i jula. Kanskje set dei sin namnelapp på, slik at pengar heller kan nyttast til mat på bordet? For barnet vil det bety mykje å ha noko å opne, noko å glede seg over eller leike med i jula og noko å snakke om når ferien er over. 

    Tusen takk for di støtte! ❤️

    Takka vere støtte frå privatpersonar, Gjensidigestiftinga, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Sparebank 1 SMN og Sparebanken Vest nærmar vi oss målet om at lokalforeiningane til Røde Kors i Sogn og Fjordane skal kunne gje ei gåve med verdi på 400 kr til over 2200 barn. 

Julegåver til barn i Sogn og Fjordane

86 240 kroner innsamlet

97 givere
Avsluttet 24.12.2024
57% av 150 000 kr
Givere (71 240 kr)SpareBank 1 Sogn og Fjordane har støttet innsamlingen med 15 000 kr
Avsluttet

Spleisens sponsorer

SpareBank 1 SMN25 000 kr

Siste aktivitet

  1. Fjærland Næringssamskipnad
  2. 2 ga anonymt
  3. Hildegunn
    Måtte jula bli god for alle ❤️
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
SOGN OG FJORDANE RØDE KORS er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×