LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Rettferd for Suel!

Rettferd for Suel!

Støttegruppa "Rettferd for Suel" samlar inn pengar til advokathjelp for Suel i saka der han kjempar for å bli i Norge. Vi ønsker også å bidra til at Suel får ein ny start, så han får etablert seg på vanleg vis. Noko som har vore umogleg for han til no.

Etter 19 års kamp for å bli trudd, har Suel no endeleg fått dokumentasjon på at han snakka sant i 2004, då han kom til Norge. Han sa då at han var 16 år, at han hadde flykta medan heimen var under angrep i Burundi, og at foreldra og søstera hans var drepne. Norske myndigheiter derimot meinte han var 19 år og frå eit anna land.

Om UDI hadde trudd på han då han kom hit som einsleg mindreårig asylsøkjar, ville han hatt opphaldsløyve i dag. Truleg ville han óg ha vore norsk statsborgar. 

I staden for å innrømme at det var feil å ikkje tru på Suel den gongen, ønskjer staten no å sende han ut av landet. Dette er ein stor feil. Derfor vil Suel, med hjelp frå støttegruppa "Rettferd for Suel", gå til sak mot staten.

Støttegruppa ønsker å bidra slik at Suel får god advokathjelp i rettssaka. Det er forventa at saksugiftene vil kome på om lag 400.000,- . I tillegg til dette ønsker vi å bidra til at Suel kan få ein ny start. Vi ønsker at han skal ha moglegheit til å gjere ting som har vore umogleg for han alle desse åra. At han kan etablere seg slik han elles hadde gjort, om livet ikkje vart satt på vent i 19 år. 

Mål for innsamlinga er 500.000,-. Ubrukte midlar blir overført til ein eller fleire organisasjonar som jobbar for å hjelpe menneske i liknande situasjonar som Suel no er i, og/eller til arbeid som bidrar til meir rettferdig asylpolitikk.

Suel har budd i Norge sidan 2004, og er ein viktig del av lokalsamfunnet i Herøy kommune. Han høyrer heime hos oss i havgapet! 

Takk til deg som ønsker å støtte Suel! Du kan følge saka på www.rettferdforsuel.no

Rettferd for Suel!

225 745 kroner innsamlet

457 givere
Avsluttet 31.12.2023
45% av 500 000 kr
RETTFERD FOR SUEL mottar pengene
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
RETTFERD FOR SUEL er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×