Spjelkavik kyrkjelyd sin digitale bøsse til Fasteaksjonen 2022
Alle pengane som samlast inn går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for folk i nød.
Spjelkavik kyrkjelyd reknar med å sende ut over 200 bøssebærarar tirsdag 5. april. I tillegg har vi denne digitale bøssa for dei som anten ikkje treff på ein bøssebærar eller vil gje meir pengar digitalt.
Tørke skaper akutt sultkrise for millionar av menneske kvar einaste dag, men: Det er håp i ein dråpe vatn!
Ved å donere 250 kroner gir du eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet.
Historia til Alefa (på banneret) og fleire andre kan du lese her: https://www.fasteaksjonen.no/mot-alefa/
Støtt årets fasteaksjon og gi fleire barn som Alefa reint vatn og ei framtid.
