Prosjektbilde for Spring eller gå for «Fokus på ME»  i sommar og støtt biomedisinsk forsking på ME

Nyeste oppdatering

«Spring, gå eller sykle for vår hjartesak - biomedisinsk forskning på ME. Vi sendte utfordringa til politikarar.»

Spring eller gå for «Fokus på ME» i sommar og støtt biomedisinsk forsking på ME

For kvart steg er målet å gå inn nokre kroner til forsking på ME. Pengane vil i første omgang gå til forskningsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus

Heile Norge springe - hjelp ME-pasientane og samle inn sårt tiltrengte forskingsmidlar til biomedisinsk forsking på ME. 

Spleis har oppretta konseptet «hele Norge løper i sommer». Spring for vår hjartesak og vi konkurrer om å vinne 10 000 kroner til vår veldedige organisasjon Fokus på ME. Vi har sett "startskotet" for Fokus på ME med følgjande tekst under. Bli med og spring, betal det du ønskjer på denne spleisen. Folk som er ramma av ME: barn, unge, vaksne saknar å vere i aktivitet, ha eit normalt liv og ha friheit. 

:white_check_mark: Opprett gjerne din eigen "løpespleis" der du vel ein tur i ditt nærområde som blir belønninga til dei du får med deg, eller sett sjølv eit personleg mål sykkelritt/ terrengløp etc og få med deg ein heiagjeng. 

  • Spring, gå eller sykle i ditt nærområde og del  spleisen i soiale mediar, på SMS og få med deg fleire
  • Samle inn minst 2 000 kroner på spleisen
  • Spleis (fra SpareBank 1) velger ut vinnarar i juli og august

Bli med på sommaren si fineste utfordring og gjer verda til ein litt betre stad. «Løp for en god sak : Du velje sjølv om du vil springe, gå eller sykle. Få med deg ein ven eller ti og spring saman, eller send utfordringen videre». 

ME er ein alvorleg, fysisk, kronisk og kompleks multisystemsjukdom , som er sterkt funksjonsnedsettande. Det ME-sjuke ønskjer seg meir enn noko anna er å vere fysisk aktive, bevege seg, vere sosiale, gå skulen, delta i arbeidslivet, men aktivitet fører til sjukdomsforverring. Anstrengelsesutløyst sjukdomsforverring (Post Exertional Malaise: PEM) er hovudsymptom på ME. Det kan kome av minimal fysisk, kognitiv  eller emosjonell/sansestimuli anstrengelse. ME er ein invalidiserande sjukdom med lang rekke symtom frå ulike organisystem.

Ved nesten alle andre sjukdomar blir trening anbefalt, men ved ME ser det ikkje ut som at ME-pasientane toler trening/aktivitet. Forskar Katarina Lien ved OUS publiserte studien sin i juni 2019, der ho forskar på kva som skjer med ME-pasientar under fysisk aktivitet, PEM, restitusjonstid, laktatnivå i muskulaturen, ved bruk av repetert ergospirometri (sykkeltest). 

:pushpin:Fagartikkelen er her: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/31161646/

I 2016 vart det publisert ein ny studie frå forskingsgruppa ved Haukeland som tyder på at eit viktig energimolekyl PDH-enzymet (pyruvate dehydrogenase) er hemma i ME pasientar, noko som kan forklare både energimangel og auka melkesyreproduksjon. 

:pushpin:Les meir i denne artikkelen med link til fagartikkelen: https://kavlifondet.no/2016/12/ny-studie-om-sykdomsmekanismer-ved-me-fra-forskningsgruppen-i-bergen/

:exclamation:Gjennom tiår har satsinga på ME, både når det gjeld forskingsmidlar og korrekt kunnskapsformidling vore minimal. For å lykkast med denne spleisen er vi avhengig av at du bli med å støttar og hjelpe til med å dele bodskapen vidare. 

Så bli med å spring for «Fokus på ME» og hjelp denne pasientgruppa. Vi treng at nokon ser oss og gjer oss eit håp og lyspunkt. 

Tusen takk for alle bidrag. :blue_heart:

Les meir om Fokus på ME på www.fokuspame.no 

Spring eller gå for «Fokus på ME» i sommar og støtt biomedisinsk forsking på ME

3 750 kroner innsamlet

18 givere
Avsluttet 31.07.2020
37% av 10 000 kr
FOKUS PÅ ME sitt profilbilde
FOKUS PÅ ME mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. Vigdis Schoopp Jonassen
  2. 1 ga anonymt
  3. Sigrid Sanne
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
FOKUS PÅ ME er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×