Julegåver til barn i Sogn og Fjordane
Mange barn veks opp i ein familie som ikkje har råd til god mat, juletre og gåver. Vil du bidra til at barna får noko å glede seg over i jula? Støtt vår juleaksjon og gje barn i Sogn og Fjordane ei julegåve under treet.
I år er det 2229 barn i Sogn og Fjordane som lever i familiar som strevar økonomisk. Ei lita gåve under treet kan bidra til at dei får noko å leike med, varme seg på eller noko å snakke om etter ferien.
Ei julegåve kostar 400 kr, men du kan støtte aksjonen med sjølvvalt sum. Frivillige i Røde Kors sine lokalforeiningar kjøper og pakkar inn gåver og gjer dei klare for utdeling. Gåva er ikkje merka med Røde Kors, foreldra kan sjølv setje sin namnelapp på pakken eller gåva kan vere frå nissen.
Alle barn fortener ei god jul, takk for at du vil hjelpe. ❤️