Dugnad for å berge Haramsfjellet
Vi kan ikkje akseptere at staten gir grønt lys for å bygge vindkraftverk 8 turbiner med 150 m høgde på dette fjellet. Tvert imot fylke og kommunen sitt ynskje.Eit vedtak bygd på forvrenging av fakta og saksbehandlingsfeil får ikkje stoppe oss. Vi kan ikkje akseptere at staten og Zephyr sel vårt heimlandskap til utanlandske fond på jakt etter profitt og under eit ferniss av "grøn vekst". Dette fjellet har namn etter havørna og ligg der omkransa av fuglefredingsområde og fantastisk kystnatur. Ein del av dei verna urgamle slettene som har lege der isfrie kanskje heilt sidan dinosaurane gjekk rundt på jorda. Dette er vår heimstad, og den verner vi mot skadeverk. Så enket er det.
Støy og skuggekast, drepte fuglar. Dette gagnar ikkje samfunnet og bergar ikkje verda frå klimakrisa. Medan Viken fylke fredar si eiga kystlinje og respekterer kommunene sitt nei til utbygging, er dei medeigar i eit selskap som er viljuge til å køyre over vår kommune og lokaldemokrati i jakt på profitt til sine eigarar. No treng vi di hjelp for å ta saka eit hakk videre. Etter at den formelle saksbehandlinga er ferdig er rettsak neste steg. Bli med på dugnaden og ta kampen saman med oss for å bevare Haramsfjellet. Ei sak som saman med andre saker vil kunne skape presedens og bidra til vern av Norsk natur mot industrialisering.