Hjelp Hakallegarden - Sunnmøre sin gladaste opplevingsgard med vidare drift i Korona-krisa vi er i.
Hakallegarden - Sunnmøre sin gladaste opplevingsgard skaper glede og engasjement for mange både små og store frå heile Sunnmøre. Hakallegarden skulle ha ope no i Påska men må no halde stengt på ubestemt tid slik som mange andre på grunn av Korona krisa og den felles dugnaden som vi no ALLE er med på. Men dyra på garden må ha mat og drifta må gå sjølv om dei ikkje kan ha open gard. Fint om du vil vere med å støtte Hakallegarden som vi er så glad i slik at dei kan fortsette å glede både små og store når Korona krisa er over, og dei igjen kan opne porten til den fantastiske garden. Du finn Hakallegarden både på Instagram og på Facebook. Aina og co vil legge ut bilder/filmar for å spre glede til alle som treng det i denne tida.
Klikk på Støtt spleisen oppe til høgre. Her kan du velge vipps eller kort og legge inn beløpet du vil gi. Her kan du også legge inn ei helsing eller vere anonym.
Eg starta denne spleisen fordi eg er veldig glad i Hakallegarden og dei som driv den.
Tusen takk!
Helsing frå
Bjørg Hofset
Hakallegarden-ven