Hjelp & støtt Ostereidet Kro i ei spesiell påsketid. Vi treng kroa også etter at smittefaren er over
Ostereidet Kro er ein viktig møteplass i bygda. Dei serverer nydeleg bakst, middagar for store og små, herlege desserter og søte, gode småvarer, i tillegg til lokal mat av ulike sortar. Vi treng Ostereidet Kro i bygda vår. Ostereidet Kro bidreg til gode øyeblikk i liva våre, med å vere ein møtestad og gje fantastiske smaksopplevingar.
Ostereidet Kro har både trufaste og sporadiske kunder. Kroa opplever gjerne besøksboom i påsken. Denne påska er det annleis. Ostereidet Kro må halde stengd pga smitte-restriksjonar.
Er du ein av dei som hadde stukke innom og kjøpt ferske bakarvarer, ein middag, ein is, ferske egg eller noko anna? Er du ein av dei ynskjer å støtte Ostereidet Kro økonomisk sjølv om du ikkje får ei matvare i retur? Er du ein av dei som synest Ostereidet Kro er viktig i bygda vår?
Har du lyst til å bidra litt økonomisk, så skal du vite at pengene via Spleis går direkte til Ostereidet Kro sin konto og kan gjerne vere med å bidra til at kroa framleis gjer oss nydeleg mat også etter at smitte-retriksjonane er oppheva.
(Leiinga i Ostereidet Kro er informert om Spleis og dei takkar for omtanken)