Bli med og bidra til at Anafora kan hjelpa fattige familiar i møte med korona-pandemien, Egypt.
Saman med resten av verda har retreat- og konferansesenteret Anafora i Egypt måtta stenga dørene. Senteret som er ein oase i ørkenen for så mange både i konkret og overført betydning legg likevel ikkje ned det viktige arbeidet med å støtta familiar i fattige landsbyar. Utfordringa er at Anafora er heilt utan inntekter når gjestene uteblir.
Men biskop Thomas og staben hans finn nye vegar. Når folk ikkje kan koma til Anafora, kjem Anafora til dei. Målet er i første omgang å nå 200 familiar med hjelp. Eigne vegleiarar leverer varer på døra, mat, litt pengar og ikkje minst ei "korona-pakke" med eigenprodusert såpe og desinfeksjonsvæske mm.
Begge programma NMS støtter på Anafora er avlyste i år, både sommarens leir der 200 gutar som har droppa ut av grunnskulen blir motiverte og backa opp til ny innsats på skulebenken, og samlingane for traumatiserte unge kvinner. No ber Anafora om hjelp i ein ny og krevande situasjon.
Bli med meg og bidra til at Anafora får det dei treng for å hjelpa!