SKÅNEVIK FJORDHOTELL I 15 NYE ÅR
1. mai feira Inger Karin Larsen 15 år som hotelleigar i Skånevik! Ho har jobba natt og dag sidan den gong. Ofte sliten - men like ofte glad. Ho er overbevist om at gleda og god helse ligg i å jobbe på hotellet. Drivkrafta hennar ligg i å skape ei levande bygd - og gode opplevingar for gjester.
No er det krise for mange. Og for fjordhotellet. Avbestillinger og lite aktivitet. Den beste jubileumsgåve me kan gje ho er å handle mat og bestille overnatting framover. Det NESTbeste er å bidra med ein spleis - om du er for langt unna dei gode tilboda.
Me som har fått høve til å vere med på Pippifestival - kjenner varmen i hotellet og bygda. Men hotellet er og knutepunkt i Skånevik Bluesfestival. Me vil ha hotell og festival i 15 år til!
Hjelp oss å hjelpe!