Hjelp oss å støtte renoveringa av ungdomshuset Konsul Endresens minne!
Pengane vil gå til ferdigstilling av fasade-renovering og faste utgifter av drifta til Konsul Endresens Minne
Pga corona-krisa vart både påskebasaren og Sommartreffet 2020 avlyst, og dermed står ungdomshuset på Øye utan inntekter i år. Sterkt tiltrengt renovering vart igongsett i 2019, der det vart starta utskifting av bordkledning, vindauger og tak. Det står fortsatt att eit par veggar, i tillegg til at taket må reparerast.
Vi vil difor prøve å samle inn ein liten kompensasjon for tapte inntekter, slik at utbetringane kan halde fram, og dei faste utgiftene er dekte.:smiley: