Asfaltering av pumptracken på Kaupanger
Gje ditt bidrag til asfaltering av pumptracken ved Kaupanger idrettspark!
Sogn Terrengsykkel og Kaupanger idrettslag ønskjer no å sette i gang arbeidet med ferdigstilling av pumptracken gjennom å legge til rette for asfaltering! Dette vil skape heilt andre moglegheiter for oss og for deg som brukarar.
Anlegget får mindre vedlikehaldsbehov i form av kosting, vatning og shaping, og ein vil ha meir tid til å sykle i staden for å arbeide.
Som syklist vil ein kunne skape større fart og betre flyt. Meir moro og spenning der med andre ord!
Ikkje minst vil eit asfaltdekk skape ein unik moglegheit for fleirbruk! Skatebord, sparkesykler, rulleskøyter, ja, det meste som trillar på hjul på hardt underlag og som er utan motor!
Vi har starta arbeidet med å utarbeide finansieringsplan samt å søke midlar hjå ulike fond og stiftingar, men vi er avhengige av å vise at vi kan bidra med eigenkapital for å klare å fullføre prosjektet.
Vi håpar difor at dette er noko som du kan ha interesse i og ønskjer difor ditt bidrag her!
Vi har eit mål om å samle kr 30.000 dei neste to månaden. Totalt er sluttfasen av anlegget stipulert til å koste kring kr 900 000. Vi trur det skal vere mogleg å få starta opp arbeidet med asfalt våren 2021.
For meir informasjon om anlegget, sjekk ut lenka under.
https://www.sognterrengsykkel.no/prosjekt-kil-idrettspark
På førehand tusen takk!
På vegne av Sogn Terrengsykkel og Kaupanger idrettslag
Otto Eikeset