Rettsprosess Haramsfjellet
Kva er natur, fuglar og bomiljøet på Haramsøya verdt ? Kva må til for å ta vare på rettferda i demokratiet og stoppe eit statleg overgrep mot eit lite øysamfunn ? Denne saka handler om prinsippet om at samfunnet er folket som bor på ein stad og at naturen har større verdi enn det som kan målast i pengar og profitt. Dersom ikkje politikarane stopper konsesjonen på Haramsfjellet er siste utveg å gå til sak og levere inn krav om midlertidig forføyning. Vår advokat seier at her er det begått saksbehandlingsfeil som gir grunn til å gå til sak. Vi håper enno at vi slepp, men for å kunne gå til retten må vi stille sikkerheit i tilfelle vi taper saka. Vi må med andre ord kunne dekke både våre og motparten sine kostander om vi taper. Dette er eit vanskelig valg, men vi håper at alle våre venner står saman med oss dersom det blir nødvendig. Alt arbeid utanom det som advokaten gjer er friviljug og ubetalt. Om det ikkje blir rettsak vil pengane bli forvalta i tråd med vedtektene våre og årsmøte sine vedtak for arbeidet. Pengane vil gå til å kjempe videre for å dokumentere og arbeide mot den miljøøydeleggande vindkraftutbygginga.