Halvvegs i spleisen, og halvvegs til målet!
Utruleg kjekt å sjå at det har kome så mange flotte bidrag til dette arbeidet!
TUSEN TAKK til alle dokker som har vore så rause og bidratt! Ein operasjon i Etiopia kostar heldigvis berre ein brøkdel av kva det gjer her, men det er no ein del pengar likevel. Det hadde vore enormt stas om me greidde å finansiera ei full behandling for eitt barn! Del gjerne spleisen med vener og kjende om du tykkjer det er eit bra føremål!
Eg hadde elles ein herleg gebursdag i helga! Med heile familien på fjelltur, nydeleg vêr, etiopisk kaffi i koppen og endåtil lefse som dessert! Då kan det knapt bli betre!
Hatten, 405 moh, med Lysefjorden i bakgrunnen.