Det er DU som kan hjelpe til med å gi dyrene ett bedre liv å gi dei ei STEMME.
Dyr kan ikkje snakke. Dei kan ikkje fortelle om følelsar , smerter , sjukdom , ubehag eller rope om hjelp . Dyr er styrt av menneske som har KUN den hensikt å tjene MEST mogleg pengar på BILIGAST mogleg måte. For ekstrent mange bønder er ikkje dyr regna Som eit liv. Berre eit i divid som skal feitast opp fortast mogleg og slaktast. Dei aller fleste produksjonsdyra i dag får aldri sjå dagens lys, kjenne gras under føtene , rulle seg rundt og kjenne sola eller regnet på kroppen. Dei får aldri oppleve kjærligheit.Dei står i trange båsar og hallar der det nesten ikkje er rom for å bevege seg. dette er brutalt for dei og aller mest for dei svake dyra, då dei blir offer , skada og ofte drepne av dei andre dyra i sin desperasjon.
Gi ditt bidrag og hjelp oss i kampen om ett bedre dyrevelferd , endring i dyrelovene og KJEMP ilag med oss. Gjer det for dei finaste skapningane på jorda vår !!
Vi har så mykje å lære av dyr. Det er menneske som er onde og grusomme i denne verda, IKKJE dyra.