Hareid kommune støttar TV-aksjonen
Havet har gitt liv til alt levande på planeten. No er det truga fordi vi nyttar det som søplekassa vår. Heldigvis finns det løysingar!
Kvart einaste sekund hamnar det 250 kilo plast i havet. Det svarer til 8 millionar tonn i året. Plast tar utruleg lang tid før det blir brote ned, dermed vil plast som hamnar i havet forureine i hundrevis av år. Fyrst som synleg plast som dyr et, til dømes kval, eller fuglar bygg rede av. Så blir det til mikroplast som til slutt endar opp i kroppen din, gjennom maten du et, som fisk.
Midlane frå TV-aksjonen 2020 skal gå til å løyse problemet der det er størst. Ein fjerdedel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Derfor er TV-aksjonsmidlane øyremerkt tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.
Hareid kommune har sponsa TV-aksjonen med 15.000 kroner. Vi håpar at så mange som mogleg av innbyggarane våre bidrar. Les meir om Hareid kommune sitt engasjement her.
- Dersom du vil bidra i ei anna lokal bøsse, finn du dei her.
- Her kan du få tips til korleis du kan samle inn pengar.
- Her kan du få tips til korleis du kan rydde i nærområdet og samstundes samle inn til TV-aksjonen