Innbyggarbøsse for TV-aksjonen i Surnadal kommune. Gi ditt bidrag og del den vidare!
Dette er Surnadal kommune si innbyggarbøsse til inntekt for årets TV-aksjon mot plastforsøpling i havet. Det kjem ingen med bøsse på døra i år på grunn av korona. Difor har kommunen oppretta ei felles digital innbyggarbøsse.
Det er TV-aksjonen som eig kontoen til innbyggarbøssa. Her kan du trygt gi ditt bidrag. Pengane som blir samla inn her går uavkorta til TV-aksjonen og blir utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto.
Alt som kjem inn på innbyggarbøssa vår blir registrert som givarbidrag frå folk i Surnadal.
Det blir spennande å sjå kor mykje vi greier å samle inn i lag! Det går sjølvsagt an å opprette si eiga digitale aksjons-bøsse på nettsida blimed.no eller støtte andre sine bøsser.
Uansett: Bli med i kampen mot plastforsøplinga i havet, kvart einaste bidrag nyttar:blue_heart:
Kva går pengane til i år?
Plast brytest ikkje ned, plast brytest berre opp! Plastsøppelet i havet blir til bittesmå bitar som kjem inn i og øydelegg økosystemet vårt. I snitt får kvart menneske i verda i seg like mykje plast i veka som vekta av eit kredittkort. Størsteparten av plasten som hamnar i havet kjem frå Sør-Øst Asia. Årets TV-aksjon skal bekjempe plast i havet gjennom å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske. TV-aksjonsmidlane er øremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.
Se hva du kan bidra med til TV-aksjonen