SØRESTRANDA SKULE - OMVENDT JULEKALENDER
BLI MED OSS PÅ SØRESTRANDA - GJE EI JULEGÅVE TIL FATTIGE I BOGO!
Vi veit at pengane kjem fram til dei som treng det, for vi kjenner May Britt Tynes som driv arbeidet! I nesten 20 år har ho, saman med familie og vener, drive frivilleg arbeid for å hjelpe dei aller fattigaste i byen Bogo på øya Cebu.
Her er ein liten 3-minuttsvideo som viser kva pengane går til:
Sørestranda skule har ved fleire høve hatt besøk av May Britt, og for 3 år sidan hadde ho med seg to to gjester som dansa filippinsk folkedans:
Sidan det er ein pågående pandemi med restriksjonar på samlingar og aktivitetar, har vi i år laga ein SPLEIS.
SØRESTRANDA SKULE OPPMODAR ALLE ELEVAR OG ALLE DEI DER HEIME OM Å NYTTE ADVENTSTIDA TIL Å GJERE NOKO GODT FOR ANDRE: BLI MED Å GJE EI JULEGÅVE TIL BARNA PÅ LOLA DAY CARE CENTER!
Elevane kan arbeide heime, springe rundar rundt huset for pengar, eller på anna måte vere kreative i adventstida slik at det kjem inn pengar på innsamlinga vår.
Om det kjem inn meir enn May Britt treng til å gje elevane gåver og mat til jul, skal pengane vi samlar inn gå til vidare drift av førskulen!
DEN STØRSTE GLEDA EIN KAN HA - ER Å GJERE ANDRE GLA´!
God Jul frå oss i leiinga ved Sørestranda Skule :heart:️
IKORNNESINGAR BESØKTE BOGO I FEBRUAR: May Britt og dottera Lone hadde med seg mange gjester frå Noreg då dei var på Cebu i februar. Mellom anna var Olav Håkon og Einar Ellingsen frå Ikornnes med dei! Les om denne reisa her: https://www.dropbox.com/s/8ucjze8flfcwafl/Infobrev%2025.pdf?dl=0
SITUASJONEN NO: May Britt fortel at situasjonen i Bogo er særs vanskeleg no. Dei fattige er fattigare - sidan dei ikkje kan gå ut for å gjere småjobbar eller selje ting dei dyrkar eller lagar. Det er portforbod og kun dei med faste jobbar får tildelt adgangskort for å ferdast ute. Kun ein person per hushald får adgangskort for å gå ut for å handle mat. Det er påbod med masker og plastvisir, og dei som bryt reglane får høge bøter. Heldigvis har dei på denne måten klart å halde pandemien i sjakk i Bogo, enn so lenge. Lola Day Care Center har starta heimeskule, men ingen fattige har tilgang på Internett eller nettbrett, difor er det laga ei ordning der foreldra kjem til førskulen i små grupper ein dag i veka. Denne dagen får dei utdelt "lekseark" og opplæring i korleis dei skal hjelpe barna sine, samstundes får dei med seg litt ris og næringsrik mat heim.
LENKE TIL FACBOOK: http://Www.facebook.com/prosjektfilippinene