Tiltak mot covid19 i barnehagen Bright Future, Ghana
SPLEIS til hygienetiltak mot covid19! Overskytande går til varm lunsj til borna i barnehagen.
18. januar opna endeleg Bright Future barnehage og småskule i Ajumako-Techiman (Ghana) på ny, etter covid19 nedstenging i mars 2020. Rundt 300 born frydar seg over ein kvardag fylt med leik og læring igjen!
Vårt hovudmål er å vera ein trygg og sunn læringsarena. I tillegg til varm lunsj, må me no sikre ekstra hygienetiltak for å oppfylle krava til å halde opent.
Me ber derfor om eit spleiselag til vassdunkar med kran, såpe, sprit og munnbind. Tusen takk til alle som stør oss! Medaase paa!