IL Hødd si trimgruppe vil skifte ut turbok-kassene på trimpostane på Hareidlandet
IL Hødd si trimgruppe vil kjempe om få tildelt DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Trimgruppa ønskjer gjennom arbeidet vårt å skape fellesskap, bygge relasjonar og samhandling. Fysisk aktivitet er viktig for folk si psykiske og fysiske helse.
Trimgruppa passar for alle, uansett alder, kjønn, eller fysisk form, om du har mykje, litt eller inga erfaring som turgåar. Trimgruppa i Hødd IL har 30 trimpostar plassert på ulike fjelltoppar på Hareidlandet (Hareid og Ulstein kommune). Ein del av turmåla krev liten innsats, medan andre er meir krevjande. Det viktigaste er ikkje å gå langt, men å kome seg ut i frisk luft.
Turbok-kassene på fjelltoppane er no modne for utskiftning. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 1-28 februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.