Ørsta IL langrenn: langrennsløypa på Mo/Daleteigane
Ørsta IL langrenn er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi er avhengig av støtte fra både privatpersonar og næringsliv for å kunne tilby gode langrennsløyper og vi håpar alle støttespelarar der ute som sett pris på det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 1-28 februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.