Nytt tidtakarsystem for friidrett på Ørsta stadion
Friidrettsgruppa måtte på slutten av 2020 kjøpe inn nytt tidtakarutstyr då det gamle utstyret ikkje lenger fungerte. Eit velfungerande tidtakarutstyr er naudsynt for å kunne arrangere friidrettsstemne og for å kunne tilby god friidrettsaktivitet i Ørsta. Stemna er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til gruppa.
Ørsta IL friidrett er med på å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi er avhengige av støtte fra både privatpersonar og næringsliv for å kunne tilby friidrettsaktivitet i Ørsta. Vi vonar at du kan vere med på å gi støtte til å finansiere nytt tidtakarsystem.
Takk for støtta!