Tusen takk!!! 😍❤
Vi i styret til Uskedal Ungdomslag ynskjer med dette å takka alle som har støtta innsamlingsaksjonen vi har hatt gåande den siste månaden. Ikkje i vår villaste fantasi såg vi for oss at vi skulle få ein slik fantastisk respons til støtte for drifta av Helgheim og Fjelly. Til saman har vi fått inn kr. 38 851,- Summen er eit resultat av støtte både frå bygdefolket, lokale firma, utflytta uskedelingar, folk frå andre deler av Kvinnherad, ferie-/hyttefolk – ja, eigentleg frå alle kantar.
All denne støtta varmar, og viser at Helgheim, Fjelly og Uskedal Ungdomslag betyr mykje for mange.
Til slutt må vi og takka for alle gode ynskje, heiarop, tommelen opp og fine kommentarar vi har fått denne siste månaden. Dette gjer oss stor motivasjon til å halda fram arbeidet i laget og tru på at vi skal koma oss igjennom denne vanskelege tida.
Med venleg helsing Styret for Uskedal Ungdomslag