Ny hjertestarter og skap som held rett temperatur året rundt.
Alle pengene som kjem inn går direkte til innkjøp av ny hjertestarter og skap. Skulle det komme inn meir,blir det brukt til vedlikehald av hjertestartarane. Batteri og pads må byttast og det går fort eit par tusen kr i året på dette.
Den første hjertestartaren me kjøpte på Bjoa begynne å få gamal teknologi og kan snart reknast med å måtte byttast ut. Me er derfor i gong med å samle inn til ein ny, som då skal erstatte den som heng på helsehuset. Det må og kjøpast inn eit skap som er med på å halda den rette og jamne temperaturer for startaren, då den står utandørs. Dette vil forlenge levetid på både batteri og sjølve startaren.
Det er ein kjempe viktig ting å ha i bygda. Om du bur her fast, har hytte, eller jobba her håper me du hiv deg med på denne dugnaden.