STØTT OPP OM KAMPEN FOR Å FORSVARE HERR OG FRU HUBRO!
STØTT OPP OM KAMPEN FOR Å FORSVARE HUBROEN🦉
Aksjonen i Tysvær i fjor haust er nå blitt prøvd i rettsvesenet. Objektivt sett enda det med tap og advokatutgifter, men aksjonen må setjast inn i eit mykje større perspektiv. Til og med dommaren forstod det. Etter prosessen ynskte han Ove Stumo lukke til med vidare innsats for natur og miljø! På sitt vis ein siger.
Det må òg seiast at denne miljøkrigaren for andre gong er nominert til Den nasjonale kulturlandskapsprisen for lyngbrenning og skjøtsel av kystlynghei. Eit mangeårig engasjement som også kjem til nytte i kampen mot vindturbinar og rasering av verdifulle habitat.
Det blir jobba på så mange nivå og med ulike tema: Inn mot politikarar og departement, kunnskapsutvikling om økosystem, folkehelse, kraftforsyning, juss osb. Det vil ingen ende ta!
Og det er ikkje gratis sjølv om grunnlaget er ein enorm frivillig innsats! MOTVIND TYSVÆR opprettar nå ein spleis til advokatutgifter i saka mot Ove Stumo og hans forsvar av naturmangfald.
Målet er kr 50 000! Det er mykje å be om, men me må våga. Motstanden nyttar, og du blir invitert med på laget!
TAKK for alle små og store bidrag! Alt går uavkorta til den store saka 💚
Takk til Kåre Gårder og Bjørn Arne Hveding for lån av de flotte hubro bildene 💚