Ny idrett i Ulsteinvik treng støtte til born og ungdomsaktivitet
IL Hødd Innebandy er ein nyetablert undergruppe i IL Hødd og i skuleåret 2020/2021 har det vore innebandyaktivitet for born og unge i Ulsteinvik. Dette er eit lågterskeltilbod der alle born og ungdom kan kome og lære å spele innebandy, vere sosiale og ha det gøy. Dette har vore ein stor suksess med mange aktive deltakarar og stadig nye medlemmar i innebandygruppa.
Sommaren 2021 arrangerte vi sommarcamp med innebandy saman med Noregs Bandyforbund og naboklubb Ålesund Hurricanes IBK i Ulsteinvik. Over 70 born i alderen 6-12 deltok, og det viser ein stor interesse for vidare aktivitet for born og ungdom i Ulstein og omegn.
Innebandy er ein ny idrett i området i organisert form og tilbodet fortsetter skuleåret 2021/2022 i utvida form, med to grupper for born og ungdom, ein for paraidrettsutøvarar og ein for vaksne menn og kvinner. Innebandygruppa er i ei etableringsfase og det er naudsynt med investeringar som har betydeleg kostnad. Blant anna er nytt utstyr som fleire køller, ballar, mål, vestar og ikkje minst drakter og vant. Vi håper derfor at akkurat du vil støtte oss, uansett beløp.
Tusen takk til alle som støttar oss!
Med beste helsing,
Styret i IL Hødd Innebandy