Trenar- og gymnastutvikling med Espen Jansen
IL Hødd Turn skal hausten 2021 og våren 2022 gjennomføre eit trenar-og gymnastutviklingsprosjekt i samarbeid med Espen Jansen. Espen Jansen er Noregs mest meritterte mannlege turnar gjennom tidene, også i den seinare tid kjent som finalist i Mesternes Mester.
Vi ønsker gjennom samarbeidet med Jansen å tilføre ny kunnskap, inspirasjon og engasjement til våre gymnastar, samtidig som vi får utfordre trenarane våre. Samlingane vil bli gjennomført i turnhallen på Myra.
Vi håper at eit langsiktig løft for våre trenarar skal kome noverande og framtidige gymnastar til gode, og at gymnastane våre finn seg nye mål å jobbe mot saman med Espen og oss.
Støtt oss i arbeidet med å utvikle enda betre vilkår for våre gymnastar!