Nytt nett til kastbur (slegge/diskos) på Ørsta stadion
Friidrettsgruppa treng nytt nett til kastbur for diskos og slegge. Kastburet er mykje i bruk, og eit trygt og solid nett er naudsynt ved kasting. For å ta i vare god sikkerheit ved kasting må nettet tole slegger som veg over 7 kg og kjem med stor hastigheit. Nettet som er på kastburet i dag er gammalt og må skiftast ut.
Ørsta IL friidrett har og har hatt kastarar som har hevda seg på høgt nasjonalt nivå. Det er og god kastaktivitet i dei yngre aldersklassane. Gode trenings- og konkurransefasilitetar er viktig for å kunne å ha eit godt kastmiljø i klubben.