Hareid IL sin digitale bøsse til TV-aksjonen
Gi eit bidrag på den digitale TV-aksjonsbøssa! I år går TV-aksjonen til Plans arbeid mot barneekteskap.
Vi som bur i Hareid var dei som samla inn mest pengar i heile fylket (per innbyggar) i fjor.
Den bragden håper vi å gjenta i år.
Det bur om lag 300 jenter i alderen mellom 10-18 år i Hareid kommune. I Niger eller Bangladesh, ville nærare halvparten av desse blitt gifta bort før dei fylte 18. Dei ville derfor gått glipp av leik, skule, vener - rett og slett det å vere barn.
Barn - ikkje brud, er slagordet for årets TV-aksjon. Dei innsamla midlene skal gå til arbeidet for at jentene - og gutane - i landa med flest barneekteskap skal få lov å vere barn. Akkurat slik barna som bur i Hareid kommune får.
Gi ditt bidrag her i Hareid kommune si digitale bøsse eller ein av dei andre digitale bøssene som skulane, barnehagane og privatpersonar har oppretta.
Du kan også gi via Vipps 2133, telefon 822 08 008 (300kr) eller innsamlingskontoen 8380 08 09005.