Innbyggarbøsse for Surnadal kommune
TV-aksjonen NRK 2021 går til Plans arbeid mot barneekteskap
Surnadal kommune håpar at mange har lyst til å gi eit bidrag til årets TV-aksjon. Saman kan vi gi jenter ein sjanse til å bestemme over framtida si og kunne velje å vie seg til livet sitt i staden for til ein mann dei ikkje vil ha 💙
Kva går pengane til i år?
Årets TV-aksjon går til Plans arbeid mot barneekteskap. Med årets TV-aksjon skal vi nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa dette problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Pengane som blir samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og blir utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto. Se hva du kan bidra med til TV-aksjonen