Bremanger kommune sin digitale bøsse til TV-aksjonen
Om du ikkje er heime når alle våre flotte bøsseberarar går rundt med bøsser på søndag den 24.oktober så fortvil ikkje, for her kan du gje ditt bidrag til året Tv-aksjon!
Saman skal vi gje jenter mogelegheit til å velje si eiga framtid og vie seg til livet. 💙
Kva går pengane til i år?
Årets TV-aksjon går til Plans arbeid mot barneekteskap. Med årets TV-aksjon skal vi nå ut til tre millionar menneskjer for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Pengane som vert samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og vert utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto.