Prosjektbilde for Innsamling til kjøp av stor og omfattande fridykker-utstyrspark - til gratis utlån på Søre Sunnmøre
Logo SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Vinnarane av veketrekningane er trekt for denne gong! Du kan framleis støtte spleisane sjølv om stemminga er avslutta.

Sjekk ut vinnarane

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har støttet innsamlingen med 30 000 kr

Innsamling til kjøp av stor og omfattande fridykker-utstyrspark - til gratis utlån på Søre Sunnmøre

All støtte går til å kjøpe inn ein felles fridykkar-utstyrspark - inklusiv drakter, masker og anna essensielt utstyr. Målet er å tilby utlån av dette utstyret for folk som ønskjer å snorkle eller fridykke - utan å måtte investere store summar sjølv.

Njord Freediver jobbar for å gjere fridykking til ein allmenn folkeaktivitet på Søre Sunnmøre. Basert i ein region med havet som næraste nabo er vår visjon å gjere utforsking under vassoverflata tilgjengeleg for alle - gjennom menneskemøte, interessedyrking, turar, trening, felles ressursar, utstyr og kunnskap.

Uansett utgangspunkt, nybegynnar eller erfaren, er Njord Freediver eit dykkarfelleskap for deg. Vi femnar om eit breitt interessefelt der ingen undervasshobby er for smal.

Havet er ein del av folkesjela for oss som lever langs kysten. Saman ønskjer vi å kome i kontakt med denne delen av oss, på ein trygg og inkluderande måte - som gjestar i ei verd, større og mystisk enn den vi til dagleg utforskar på land.

Kvifor støtte Njord Freediver?

Å drive med fridykking er i og for seg ein nokså rimeleg hobby, men inngangssummen kan likevel bli litt stor for mange - spesielt om du er usikker på om hobbyen er noko for deg. Vi i Njord Freediver håpar å kunne gjere hobbyen lettare tilgjengeleg for folk gjennom å:

  1. Tilby utlån av utstyr og rettleiing til dei som ønskjer å prøve fridykking eller snorkling.
  2. Tilby eit trygt miljø av fridykkarar å dykke saman med.
  3. Invitere tilreisande og fastbuande med på turar og treningar.
  4. Gjere det mogleg for folk å ta med vennar eller familie på fridykker/snorkel-eventyr.

For å kunne tilby dette trenger vi startkapital til å gjere nødvendige innkjøp av utstyr. Vi er allereie ei aktiv fridykkargruppe, men ønskjer at fleire skal få vere med.

Som ein del av Herøy Dykkarklubb har Njord Freediver base i klubbhuset deira på Jensholmen i Herøy.

Fridykkerutstyr som bli kjøpt inn skal bli kontrollert, halde ved like og administrert gjennom frivillig dugnadsarbeid i Njord Freediver.

Utstyr vi ønskjer å kjøpe inn inkluderer:

Heilårsvåtdrakter, hanskar, våtdraktsokkar, dykkarmasker, snorklar, blybelte, sikkerheitsbøyer og symjeføter.

Målet er at utstyrspakkane skal omfatte forskjellige storleikar - både for han og ho. Omfanget og breidda av utstyrsparken er likevel avhenging av kor mykkje støtte vi får.


Kort om fridykking:

Å fridykke er kunsten å dykke med lungene som den einaste luftreserve. Over dei siste 20 åra har fridykking blitt ein folkesport i Noreg. Utstyret er lett og rimeleg, og ein kan faktisk vere timesvis i sjøen året rundt - utan å fryse!

Fridykking kan for mange vere ei fin pustepause frå kvardagen, samstundes kan det by på intense naturopplevingar, mosjon og glede.

Vi i Njord Freediver er optekne av at folk skal kunne delta på sine eigne premiss - utifrå eigne evner og erfaring. Du held pusten så lenge du vil og gradvis blir det lettare. Vil du berre snorkle på overflata, observere og flyte i takt med bølgene er det også ein fin måte praktisere hobbyen på. Små dykk eller snorkling kan bli til lengre turar og djupare djupner etterkvart som du blir trygg i vatnet.

Støtt spleisen

Gi et valgfritt beløp

Gi det du vil
For deg som vil støtte med et valgfritt beløp

Kjøp belønninger

Innsamler har ansvar for distribusjon av belønninger
Dykke/snorkletur.
1 000 kr
5 tilgjengelige
Eit fridykk eller ein snorkeltur med Marko Polter og Bjørnar Torvholm Sævik (Alle belønningane som omhandlar dykking i sjøen føreset at vi får inn nok støtte til å tilby utlån av utstyr.)
Velg antall
1
Dykke/snorkeltur + basengopplæring
1 500 kr
5 tilgjengelige
Eit fridykk eller ein snorkeltur + ein opplæringstime i badebasseng med Marko Polter og Bjørnar Torvholm Sævik (Alle belønningane som omhandlar dykking i sjøen føreset at vi får inn nok støtte til å tilby utlån av utstyr.)
Velg antall
1
Dykke/snorkeltur + undervannsfoto
2 000 kr
5 tilgjengelige
Eit fridykk eller ein snorkeltur med Marko Polter og Bjørnar Torvholm Sævik + opp til 3 redigerte bilder av deg i sjøen (Alle belønningane som omhandlar dykking i sjøen føreset at vi får inn nok støtte til å tilby utlån av utstyr.)
Velg antall
1
Dykke/snorkeltur + basengopplæring + undervannsfoto
2 500 kr
3 tilgjengelige
Eit fridykk eller ein snorkeltur, pluss ein opplæringstime i badebasseng, pluss opp til 3 redigerte bilde av deg i sjøen med Marko Polter og Bjørnar Torvholm Sævik (Alle belønningane som omhandlar dykking i sjøen føreset at vi får inn nok støtte til å tilby utlån av utstyr.
Velg antall
1
Dykke/snorkeltur + båttur + basengopplæring + undervannsfoto
3 000 kr
3 tilgjengelige
Eit fridykk eller ein snorkeltur med dykkerklubbbåten + ein opplæringstime i badebasseng med Marko Polter og Bjørnar Torvholm Sævik + opp til 3 redigerte bilde av deg i sjøen (Alle belønningane som omhandlar dykking i sjøen føreset at vi får inn nok støtte til å tilby utlå
Velg antall
1

Innsamling til kjøp av stor og omfattande fridykker-utstyrspark - til gratis utlån på Søre Sunnmøre

35 220 kroner innsamlet

22 givere
Avsluttet 10.03.2022
70% av 50 000 kr
Givere (5 220 kr)SpareBank 1 Søre Sunnmøre har støttet innsamlingen med 30 000 kr
Marko Polter sitt profilbilde
Verifisert
Marko Polter
står bak spleisen
HERØY DYKKERKLUBB sitt profilbilde
HERØY DYKKERKLUBB mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. DRIVKRAFT - SpareBank 1 Søre Sunnmøre
  2. Lars-Vegar Sande
    Flott tiltak👍👍👍
  3. 1 ga anonymt
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Marko Polter er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×