Innebandycamp i Ulsteinvik for born - Sommaren 2022
IL Hødd Innebandy er ei ny undergruppe i IL Hødd og i skuleåret 2021/2022 er det full innebandyaktivitet for born i Ulsteinvik. Vi har treningar kvar fredag kl. 16-17 i Ulsteinhallen for born i alderen 6-12 år. Dette er eit lågterskeltilbod der alle born kan kome for å prøve og lære å spele innebandy. IL Hødd Innebandy har deltatt på Minirunder (kampspel for born) fleire gonger og arrangerte for første gong Minirunde i Ulsteinvik 23. januar 2022. Oppstarten og vidareutviklinga av aktiviteten har vore heilt fantastisk med mange aktive deltakarar og stadig nye medlemmar i innebandygruppa. Vi håper at endå fleire vil bli ein del av IL Hødd Innebandy framover!
Sommaren 2021 arrangerte IL Hødd Innebandy sommarcamp saman med Noregs Bandyforbund og naboklubb Ålesund "Hurricanes" IBK i Ulsteinvik. Dette blei ein kjempesuksess! Over 75 born i alderen 6-12 år deltok, og det viser ein stor interesse og potensiale for vidare aktivitet for born i Ulstein og omegn.
IL Hødd Innebandy ønsker å arrangere ein ny sommarcamp med innebandy for born sommaren 2022 i Ulsteinvik. Målet med sommarcampen er at den skal vere gratis for alle born slik at flest mogleg born kan vere i aktivitet, vere sosiale og ha det kjekt! Derfor treng vi å samle inn ein del midlar for å gjennomføre dette. Vi håper derfor at akkurat du vil støtte oss, uansett beløp.
Tusen takk til alle som støttar oss!
Med beste helsing,
Gruppestyret i IL Hødd Innebandy